Ytteroyane

Informasjon til tilsette om konsekvensar av budsjettvedtak 21.01.2019

Informasjon til formannskapet 15.01:

Rådmannen vil utarbeide løysingar innanfor dei fullmakter som er delegert til rådmannen frå bystyret, jf. kommunen sitt delegeringsreglement.

Formannskapet og bystyret vil bli holdt orientert. Det vil i utgangspunktet gjerast som ein del av dei ordinære økonomi- og budsjettorienteringane til formannskapet.

Det vil bli fremja politiske saker i dei tilfella det er naudsynt for å kunne gjennomføre tiltaket.


3 hovedløp

Bystyret har for 2019 lagt til grunn ei heilårleg effekt. For å oppnå det arbeider rådmannen med ulike tilnærmingar;

  1. Innsparing
  2. Effektivisering
  3. Nedbemanning

1. Innsparing

  • Det vert arbeidd med konkrete innsparingstiltak i alle sektorar, med tett oppfølging frå rådmannen. Frist for gjennonføring av dette er 01.02.2019.

2. Effektivisering

  • Kan vi utføre drifta på ein  annan måte, ved bruk av andre system eller foreta andre endringar/strukturelle grep som kan gje ei ressursbesparing?  Det skal det arbeidast kontinuerleg med.

3. Nedbemanning

Det er etablert ei samarbeidsgruppe - personalavdelinga og arbeidstakarorganisasjonane (ATO), der alle hovudsamanslutningane er representert.

  • Personalsjef Trond Ramstad Olsen, leiar
  • HR-rådgjevar Leni Stensvoll
  • Spesialrådgjevar Roald Leivestad
  • HR-rådgjevar Ninja Tolo Ness
  • HTV Fagforbundet Flora og Kinn Wenche Kvalvik, LO-kommune
  • HTV Fagforbundet Maj-Linn Selvik, LO-kommune
  • HTV Utdanningsforbundet Reidar Knapstad, Unio
  • HTV NSF Anette Barlund, Unio
  • HTV Delta Britt Berg Madsen, YS-kommune
  • HTV NITO Jeikishan Jegathesan, Akademikerne kommune

Arbeid framover

Fredag 18. januar var det oppstartsmøte mellom representantane frå ATO og personalavdelinga, der det vart lagt føringar og plan for vidare arbeid. Fram til mars er det lagt opp til møter kvar veke i samarbeidsgruppa.

Det kjem kontinuerleg informasjon frå rådmannen i denne perioden.

Føringar

Grunnleggande føringar for alt arbeidet er forankra ligg i Arbeidsmiljølova, Hovudavtalen og Hovudtariffavtalen, i tillegg til lokale retningsliner for Flora kommune.

Sikre informasjonskanalar

Rådmannen vil informere deg som tilsett på heimesida vår, via tenesteleiarane og på den kommunale e-posten.