Skulestart Florø barneskole

Informasjonsmøte om skrantesjuke

hjort[1]_200x120.jpgJegermøte 27. august i Flora Samfunnshus

Syner til tidlegare informasjon om prøvetaking av alle vaksne dyr over 2 år under hjortejakta 2018.

Det vert organiserte tilsvarande møte i kommunane slik:

Gaular  Sande kro og hotell  torsdag 16. august kl. 20.00  Sande kro
Førde  Mo og Øyrane vgs.  tysdag   21. august kl. 20.00  Hallen på Mo
Jølster  Dvergsdalen  onsdag  22. august kl. 20.00  Skytebane
Naustdal  Kommunehuset  torsdag  23. august kl. 19.30  Kommunestyresal
Flora  Samfunnshuset  måndag 27. august kl. 20.00  Festsalen


På møtet vert det informert om opplæring i å ta prøver, innsending av desse, og korleis dette skal registrerast på settogskutt.no
Det vert praktisk øving inndelt i grupper.

Utstyr for prøvetaking er kome til kommunen, og dette vert delt ut til valda på møtet, saman med kjevelappar, skjema og anna informasjon til vald/jaktfelt.

Jegarar har høve til å delta på tilsvarande møter i nabokommunar dersom det høver betre.
Alle jaktrettshavarar og jegarar i valda må informerast.

Meir informasjon finn de i Hjorteviltportalen.
Skrantesjuke (CWD) og hjortevilt
Innsamling av skrantesjuke prøver fra jakt.

Informasjon og videoar om korleis ein tek dei to prøvene.
Hjerneprøve
Lymfeknute