hamnebasseng langt

Influensavaksine

Her vil du finne sist oppdaterte informasjon om influensevaksina.

 

Dei som ynskjer influensavaksine kan møte ved Legegruppa SMS mellom kl 08.00 og 15.00 på alle kvardagar utan avtale på førehand.

Folkehelseinstituttet anbefalar at følgande grupper vaksinerer seg for influensa:

  • Gravide etter 12. svangerskapsveke (2. og 3. trimester). Gravide i 1. trimester med tilleggsrisiko skal også få tilbod om influensavaksine

  • Personar som bur i omsorgsbustad og sjukeheim

  • Alle frå fylte 65 år

  • Barn og vaksne med:

    • diabetes type 1 og 2

    • kronisk lungesjukdom, hjerte- og karsjukdom, leversvikt eller nyresvikt

    • kronisk nevrologisk sjukdom eller skade

    • nedsatt immunforsvar

    • alvorleg fedme (KMI over 40)

    • anna alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa utgjør ein alvorleg helserisiko, etter individuell vurdering av lege

I tillegg anbefalast influensavaksine til:

  • Helsepersonell som har pasientkontakt

  • Husstandskontakter til immunsupprimerte pasientar

  • Svinerøktere og andre som har regelmessig kontakt med levande grisar

 

Meir informasjon finn du på nettstadane
http://www.fhi.no (Folkehelseinstituttet)
http://www.legemiddelverket.no (Statens legemiddelverk)
http://fylkesmannen.no (Fylkesmannen i Sogn og Fjordane)