Seglebåt med jente

Innlevering av avfall etter strandrydding

Dersom de planlegg dugnad eller større ryddeaksjonar, er det no mogleg å bestille konteinar til å ha strandavfallet i. Konteinar kan bestillast ved behov og kommunen ynskjer at ein person står som ansvarleg for at det berre er avfall etter strandrydding som vert lagt i konteinaren. Dersom det vert funne farleg avfall som til dømes olje eller bilbatteri, skal dette leverast i eigen konteinar for farleg avfall. Desse er utplassert fleire stadar i kommunen.  

Ta kontakt med miljørådgjevar dersom de finn dekk med felgar, kjøleskåp eller andre ting som inneheld mykje metall. Om ein har mindre mengder avfall etter mindre omfattande rydding, kan ein legge avfallet i konteinaren som står på Fugleskjærskaia.

Vi ynskjer at det skal nyttast blanke sekkar til ryddinga. Slike sekkar kan du hente på Informasjon og service på Flora samfunnshus. Dersom du ikkje har anledning til å hente desse sjølv, kan du ta kontakt med miljørådgjevar, så prøver vi å få ordna levering av sekkar på anna vis. 

Hold Norge Rent har eit registreringssystem for marin førsøpling. For å finne ryddeaksjon eller for å gjere andre merksame på kvar det er behøv for rydding er denne fin å bruke. For å søke om refusjon av utlegg for til dømes transport, må ein registrere ryddeaksjonen sin her: Hold Norge Rent sin ryddeportal.

Ta kontakt med miljørådgjevar Kaja Standal Moen for å bestille konteinar eller dersom du har spørsmål. E-post: kajastandal.moen@flora.kommune.no.