Seglebåt med jente

Innsamling av grovavfall i veke 16 og 17

Det blir innsamling av grovavfall i Flora kommune på følgjande tidspunkt:

Innsamling i distriktet og sentrum: Veke 17 (24. – 28. april 2017).
Innsamling i øyane: Veke 16 (18. - 21. april).

Innsamlinga vil skje i samsvar med ordinære innsamlingstider.

Som grovavfall vert rekna: Avfall frå hushaldningar som grunna storleik og / eller form ikkje kan plasserast i behaldar for restavfall. Dette kan vere utrangerte møblar, syklar, lausinventar og liknande. 

Det skal ikkje framsettast: Bygnings- og rivningsavfall, eller delar frå motorkøyretøy, samt avfall frå næringsverksemd. Kvitevarer og elektriske/ elektroniske apparat (EE-avfall). Dette skal leverast tilbake til forhandlarar.