Skulestart

Innsamling av grovavfall (storboss) i veke 17

Det blir innsamling av grovavfall i veke 17 (23.-27. april) for både sentrum, distriktet og øyane.

Vi ber om at du ikkje plasserer søppel ut før helga i veke 16. Det kan oppstå farlege situasjonar i trafikken som følgje av at fortau blir overfylt med søppel.

Innsamlinga vil skje i samsvar med ordinære innsamlingstider.

Som grovavfall vert rekna:
Avfall frå hushaldningar som grunna storleik og/eller form ikkje kan plasserast i behaldar for restavfall. Dette kan vere utrangerte møblar, syklar, lausinventar og liknande. 

Det skal ikkje framsettast:
Bygnings- og rivningsavfall, eller delar frå motorkøyretøy, samt avfall frå næringsverksemd. Kvitevarer og elektriske/ elektroniske apparat (EE-avfall). Dette skal leverast tilbake til forhandlarar.