Seglebåt med jente

Innskriving av nye 1. klassingar

Barn startar på skulen det året dei fyller 6 år. Innskriving i skule skjer ved at føresette fyller ut eit elektronisk skjema. Frist for å fylle ut skjema er sett til 15. desember 2017.

Barna skal meldast inn som elevar på nærskulen sin., (jf. Opplæringslova § 8-1). Så lenge føresette registrerer barnet sitt på nærskulen sin, vil barnet få skuleplass der. 

Flora kommune har ei eiga forskrift om opptaksområda for grunnskulane. Forskrifta seier kva for område dei ulike skulane er nærskule for. Hausten 2016 vart opptaksområda endra slik at:

  1. Brandsøy skule får utvida opptaksområde mot vest, ny grense aust for Verpevika frå 01.08.2016.
     
  2.  Florø barneskole får utvida opptaksområde mot aust, ny grense ved Kanalen frå 01.08.2016.
     
  3.  Krokane skule sitt opptaksområde vert avgrensa av Kanalen i vest. Krokavegen og området rundt vert lagt til Krokane skule sitt opptaksområde frå 01.08.2016.
     
  4.  Torvmyrane skule sitt opptaksområde aust for Verpevika vert lagt til Brandsøy skule. Krokavegen og området rundt vert lagt til Krokane skule sitt opptaksområde frå 01.08.2016.

Informasjon om skulestart vert sendt ut frå nærskulen i månadsskiftet mars/april 2018. 

NB! Når du har sendt inn skjema får du ei kvittering per e-post om at Flora kommune har motteke skjemaet.