hamnebasseng langt

Innvandrarsenteret i Florø

KF Innvandrarsenteret administrerer all kommunal aktivitet på flyktning- og innvandrarfeltet i Flora kommune. 

Vi held til i 2. etg i Florø Idrettssenter ved Flora vidaregåande skule. 

Senteret består av to avdelingar: Integreringsavdelinga og vaksenopplæringa. 

Finn tilsette ved KF Innvandrarsenteret her.

Oppgåvene våre kan oppsummerast slik:

  • Busetjing av flyktningar etter avtale med IMDi (Integrerings- og mangfoldsdirektoratet).
  • Norskundervisning til alle vaksne innvandrarar i kommunen.
  • Introduksjonsprogram til nyleg komne flyktningar og innvandrarar i kommunen.
  • Formidle tolketenester internt i kommunen og til fastlegar.

KF Innvandrarsenteret er eit kompetansesenter i flyktning- og innvandrarspørsmål til bruk for alle i Flora kommune.
Innvandrarsenteret i Flora er eit kommunalt føretak styrt etter kap. 11 i kommunelova. Flora bystyre er generalforsamlinga. Bystyret vel eit eige styre på fem medlemmer, og styret har ansvar for drifta av føretaket. Dagleg leiar er sekretær for styret.