Ytterøyane fyr

Innvandring

Flora kommune er ein internasjonal kommune både i form av internasjonalt samarbeid og i form av å være eit multikulturelt samfunn. 01.01.2017 budde det 1707 innvandrarar i Flora. Dette var 14,2% av folketalet. Den største gruppa innvandrarar kjem frå Polen (271 personar).

Utsida.jpg

I 2016 hadde Flora ei netto innvandring på 141 personar. Innvandringa til Florø føregår i hovudsak på tre ulike måtar. For det første har vi arbeidsinnvandring, der vi tek imot arbeidskraft. Flora er avhengig av denne typen innvandring for å tilføre lokalsamfunnet viktig kompetanse og dekke arbeidskraftsbehov i fleire sektorar. 

I tillegg har vi innvandrarar som kjem til Florø anten som flyktningar eller asylsøkjarar. Ein flyktning har fått status som flyktning frå norske styresmakter eller FN. Noreg tek kvart år imot mange flyktningar frå FN-leirar rundt om i verda. Desse blir busette i norske kommunar. Ein asylsøkjar er ein person som kjem til Noreg og søkjer om beskytting ( asyl) hos staten. Medan personen ventar på svar på søknaden sin, bur han eller ho som regel på asylmottak. Dei som får avslag på søknaden, skal reise heim frivillig, medan dei som får opphaldsIøyve/asyl, skal busettast i ein kommune. Busettinga skjer etter avtale mellom staten og kommunen. 

Den tredje innvandringsgrunnen er familiegjenforening, t.d. utanlandske kvinner som giftar seg med nordmenn, eller familiane til flyktningar som har fått asyl. Familiegjenforeningar varierer mykje i tal frå år til år.

Det er bystyret i Flora som vedtar kor mange flyktningar som skal busettast i kommunen kvart år. Dei siste åra har vi busett 50 – 60 flyktningar årleg, inklusiv familiegjenforeningar.  Sidan 1987 har kommunen busett over 1200 flyktningar ( inkl. familiegjenforening), frå til saman 23 land. Omlag halvparten av desse har flytta frå Flora igjen.

I Flora er det Innvandrarsenteret som tek seg av mottak av flyktningar/innvandrarar. Innvandrarsenteret er delt inn i tre einingar; Solbakken Asylmottak, Integreringsavdelinga og Vaksenopplæringa,  som alle har kvar sine ansvarsområde.

Lenkjer for meir informasjon: