hamnebasseng langt

Institusjonar for omsorg

Institusjonstenesta: Flora kommune har to sjukeheimar, Furuhaugane Omsorgssenter med 50 plassar, der nokre plassar er til korttidsopphald og rehablilitering.  Flora Omsorgssenter har 41 plassar - alle plassane er i skjerma avdelingar.

Korttidsopphald er for personar som treng eit tilpassa tilbod i ein overgangsperiode, til dømes etter utskriving frå sjukehus, eller rehabilitering før heimreise til eigen bustad. I andre situasjonar etter fagleg vurdering.

Langtidsopphald er for dei som ikkje kan ta vare på seg sjølv grunna fysisk eller mentalt funksjonstap, og som elles har stort pleie-/omsorgsbehov.


Tenestetilbodet omfattar:

  • Heildøgns tilsyn
  • Eige rom så langt dette er mogeleg og ønskjeleg, og det er høve å ta med private ting
  • Høve til besøk når ein måtte ønskje det under føresetnad av at ein tek omsyn til dei andre på avdelinga.
  • Naudsynt legehjelp og tilsynslegeordning
  • Tilbod om gratis tannlegebehandling
  • Tilbod om fysio- og ergoterapi etter ei fagleg vurdering
  • Tilbod om frisør og fotpleie - betalingsteneste
  • Tilbod om samtale med prest eller annan åndeleg rettleiar


Betaling:
Retningsliner for betalingssatsar er vedteke av Stortinget.