hamnebasseng langt

Integrering

Avdeling for integrering

Integreringsavdelinga er ein del av KF Innvandrarsenteret og  har ansvar for busetting og integrering av innvandrarar i Flora kommune. I dei siste åra har Flora kommune teke imot og busett om lag 35 flyktningar i året. Familiegjenforening kjem i tillegg.

 

Finn ein tilsett.

Hovudoppgåver:

  • Busetting av innvandrarar/ flyktningar etter avtale med IMDI
  • Oppfølging og rettleiing av nybusette innvandrarar.
  • Introduksjonsprogram for nybusette innvandrarar.
  • Assistere andre kommunale tenester i innvandrarrelaterte oppgåver.

Når ein asylsøkar har fått positivt svar på søknaden, vert vedkommande busett i ein kommune. Det er ei stor utfordring å skaffe høvelege bustader. Innvandrarsenteret er ein stor leigetakar i den private og kommunale utleigemarknaden. Innan tre månader etter busetjinga skal dei begynne på introduksjonsprogrammet, eit program som i første rekke skal sørgje for språk og arbeidstrening for flyktningar. Å tilby dette programmet for nye flyktningar vart obligatorisk for kommunane frå 1. september 2004.
 

Introduksjonsprogrammet varer i inntil to år, og for einskilde inn til tre år. I løpet av denne tida skal deltakarane lære seg norsk og samfunnsfag, og for dette får ein introduksjonsstønad på 2 G i året til livsopphald - i 2018 er dette kr. 193.766,-. I forlenging av norskundervisninga skal dei aller fleste også ut i ei bedrift, for kortare eller lengre tid for språkpraksis. Etter fullført program er målet at deltakarane skal vere kvalifiserte og kunne gå over i ordinært arbeid eller ordinær skulegang.

Vil di bedrift ta imot ein flyktning i språkpraksis?

 

Gjennom introduksjonsprogrammet får flyktningar moglegheita til å lære seg norsk ved praksis i arbeidslivet. Hensikta er å kvalifisere flyktningar til å delta i norsk arbeids og samfunnsliv og dermed betre integreringa. Utplasseringa finansierast av staten og kvar deltakar har ein kontaktperson i kommunen som vil ha ansvar for oppfølging i forhold til bedrifta.

Bedrifta di får arbeidskraft i nokre månader utan ekstra økonomiske utgifter. Husk at mange flyktningar har utdanning og arbeidserfaring som er nyttig for norsk arbeidsliv. Det kan like gjerne vere ein utdanna ingeniør som treng språktrening som ein sjølvlært skomakar.

 

For meir informasjon og spørsmål, ta kontakt med dagleg leiar eller Bente Nygård, Margunn Frammarsvik eller Eskil Krogstad.