Båtar på hamna

Interkommunal næringsplan for Sunnfjord på høyring

Samarbeidsforum i Sunnfjord – SiS – legg med dette ut interkommunal næringsplan for Sunnfjord med høyringsfrist 22.august 2014. 

Interkommunal strategisk næringsplan byggjer på fylkeskommunen sin verdiskapingsplan som har folketalsutviklinga som hovudutfordring for Sogn og Fjordane. Verdiskapingsplanen peiker på attraktive arbeidsplassar og attraktiv busetjing som viktige premiss for verdiskaping. Dette er to særleg viktige dimensjonar òg for Sunnfjord og derfor avgjerande også i SiS sin næringsplan. 

For nærare kommentarar og spørsmål, kontakt leiar i SiS og ordførar i Gaular, Mathias Råheim, tlf. 952 81 056, eller sekretær i SiS og kommunalsjef i Førde, Trond Ueland, tlf 913 37 410.

Ved å følgje denne lenka kan du lese planen, samt komme med innspel.