hamnebasseng langt

Målsetting

Flora kommune skal prioritere Helse, Miljø og Sikkerhetsarbeid på line med produksjon, drift og økonomi. Internkontrollsystemet for HMS skal fremje trivsel på arbeidsplassen. Alle leiarar skal ha HMS som ein del av sitt daglege arbeid. Konkrete mål for HMS-arbeidet skal innarbeidast i dei årlege handlingsplanane.

Internkontrollen skal sikre at lover, forskrifter og anna regelverk i forhold til Helse, Miljø og Sikkerhet vert etterlevd, og vert dermed eit viktig reiskap til å fremje eit godt arbeidsmiljø. Internkontrollen skal òg sikre dokumentasjon for kommunen sjølv, og styresmaktene.

Sentrale mål for samarbeidet

IA-avtalens overordna mål er:

  • Å førebyggje og redusere sjukefråvær, styrkje jobb nærvær, betre arbeidsmiljøet og hindre utstøyting og fråfall frå arbeidslivet.

Dei tre delmåla på nasjonalt nivå for IA-avtalen er:

  1. Ein reduksjon i sjukefråværet på 20 prosent samanlikna med nivået i andre kvartal 2001. Det inneber at sjukefråværet på nasjonalt nivå ikkje skal overstige 5,6 prosent. 
  2. Auka sysselsetting av personar med redusert funksjonsevne. Dei konkrete måla frå tidlegare tilleggsavtalar vidareførast.
  3. Yrkesaktivitet etter fylte 50 år skal forlengjast med seks månader. Med det er det meint ei auke samanlikna med 2009 i gjennomsnittleg periode med yrkesaktivitet (for personar over 50 år). 

Samarbeidsavtala erstattar tidlegare samarbeidsavtalar, som har vore basert på dei nasjonale IA-avtalane for perioden 2001-2005 og 2006-2009. 

Lokale mål: Seniorpolitikk, kompetanseutvikling, auking i tilretteleggingstilskot, AFP/KLP.