Båtar på hamna

Invitasjon: Sentrumskonferanse og workshop 09. november

Flora kommune v/ plan og samfunn inviterer til sentrumskonferanse og workshop onsdag 09. november!

Dato: Onsdag 09. november
Tid: 17:00 (betasuppe kl. 16:00)
Stad: Flora samfunnshus

Tema for konferansen og workshop er revidering av sentrumsplanen/kommunedelplan for Florø sentrum.

Vi startar med servering av betasuppe frå kl. 16:00, så du er velkomen til å starte praten allereie då.  

Arrangementet vil vere todelt og vare frå kl. 17:00 til 21:00. Vi startar med innleiing frå plan og samfunn før vi får glede av å høyre på Henrik Stjernholm og Arne Sælen. Denne delen vil vare omlag fram til kl. 19:00. Då startar vi med workshop med tilhøyrande idémyldring og diskusjonar rundt meir konkrete tema. 

Henrik Stjernholm. Arkitekt og byplanleggar. Leiar av Stjernholm Arkitektur. Har jobba mange år med alle former for byutvikling og bystrategi i Vejle kommune, der han også utvikla den første arkitekturpolitikk for ein dansk kommune i 1997. 

Arne Sælen. Landskapsarkitekt og professor. Leiar av landskapDESIGN. Firmaet har i over 15 år vore blant landets leiande kontor innan byromsplanlegging og står for ei lang liste byrom og gater, i tillegg til å ha vore rådgjevar for utformingsrettleiarar i blant anna Bergen, Tromsø, Stavanger og Vejle.

Vedlegg: