Båtar på hamna

Invitasjon til "ALLEMED" - stordugnad

Er du med i ein organisasjon som tilbyr aktivitetar, eller jobbar du med barn og unge, og ønskjer å bidra til at fleire skal få vere med på kjekke aktivitetar på fritida, uavhengig av føresette sin økonomiske situasjon?

"ALLEMED" er eit gratis informasjons- og handlingsverktøy utvikla med ønskje om å auke frivillige og leiarar sin kunnskap om utanforskap som følgje av barnefattigdom, og auke inkludering av barn og unge.

Verktøyet er ein enkel måte å ta opp og arbeide med eit tema som for mange kan vere vanskeleg å snakke om. Målet med "ALLEMED" er å sikre at alle våre barn i Flora som ønskjer det får moglegheita til å delta på fritidsaktivitetar og leik, uavhengig av føresette sin økonomi.

Stad: Flora samfunnshus.
Dato: Måndag 20. mai.
Tid: kl. 17.30 - 20.00.

Les meir om metoden på www.allemed.no, og "ALLEMED"-dugnader i andre kommunar på facebook.no.

Målet med dugnaden er at du som deltakar:

  • lærar å bruke verktøyet "ALLEMED" og ta det med tilbake til din organisasjon/teneste.
  • får auka og delt din kunnskap om temaet.
  • blir kjend med potensielle samarbeidspartar i kommunen og frivilligheita.

Påmelding og frist

Meld deg på til Siri Stavang på e-post siri.stavang@flora.kommune.no, eller per telefon 458 77 783.

Frist for påmelding er fredag 10. mai.

Program

  • 17.30 - Kaffi og matbit
  • 18.00 - Velkommen v/ Flora kommune
  • 18.05 - Barnefattigdom i vår kommune v/ NAV Flora
  • 18.25 - Samarbeid med kommunal og frivillig sektor - Kor står vi i dag? v/ Flora Frivilligsentral
  • 19.00 - Illustrasjon og gjennomføring av "ALLEMED"-dugnad v/ Nasjonal dugnad mot fattigdom og utenforskap blant barn og unge (NDFU)

Pauser blir lagt inn undervegs.