Seglbåt med jente

Invitasjon til leverandørkonferanse - november 2016

Flora kommune ønskjer med dette å invitere relevante leverandørar til leverandørkonferanse.

Stad: Flora rådhus, rettsalen.
Når: 23. november 2016, kl 10.00

Tema for konferansen er Flora kommune sitt pågåande prosjekt «digitalisering eigedomsarkiv». 

Det skal utviklast spesifikasjonar og underlagsdokumentasjon som kommunen sjølv kan nytte i anskaffing av løysing for å publisere digitale dokument ut til innbyggarane gjennom kommunen sin kartportal.

Flora kommune har til intensjon å gjennomføre ei anskaffing i løpet av 2017.

Flora kommune ønskjer gjennom konferansen å etablere dialog med leverandørar om løysingar for digitalisering av eigedomsarkiv og gjere tilgjengeleg dokument i eigedomsarkivet.

Mål for anskaffing:

  • Tilrettelegging for digitalt innsyn, internt og eksternt, gjennom kartportal
  • Eldre, papirbaserte arkiv gjerast tilgjengeleg digitalt
  • Høgre kundetilfredsheit og styrking av kommunen sitt omdømme i byggesaksprosessen
  • Etterprøvbar sakshandsaming
  • Funksjonell og integrert løysing med eksisterande system

Program for dagen

  • Velkommen og kort orientering om prosjektarbeidet så langt, inkludert tidsplan
  • Presentasjon av ønska sluttprodukt
  • Spørsmål og kommentarar frå møtedeltakarar 
  • Oppsummering og vidare plan for arbeidet
  • Påmelding til leverandørpresentasjonar 

Konferansen er også publisert på Doffin. Du melder deg på ved å vende deg til Flora kommune per e-post: postmottak@flora.kommune.no.

Kontaktperson: Møyfrid Ellingsund, prosjektleiar, tlf. 41 53 49 34.