Ytteroyane

Invitasjon til ope møte – Blir det Kinn kommune? Det vert direktesending frå salen

Flora kommune inviterer deg til ope møte om den moglege kommunesamanslåinga mellom Vågsøy og Flora. Vi håpar du vil møte anten du er aktiv deltakar, tilskodar eller noko i mellom – det viktigaste er at du kjem og held deg informert. Du kan lese endeleg utkast av intensjonsavtale om samanslåing her.

Tid og stad:
Tysdag 7. mars kl. 18:00 - Flora samfunnshus

Ordførar i både Vågsøy og Flora kjem.

Tema

  • Informasjon om intensjonsavtala med Vågsøy kommune
  • Kva med Bremanger?
  • Prosessen
  • Spørsmål og diskusjon

Du er velkommen! Vel møtt