Ytteroyane

Invitasjon til ope møte om Brandsøyåsen

Flora kommune inviterar til ope møte om utvikling av turstinettet i Brandsøyåsen.

Stad: Flora Samfunnshus
Tid: Måndag 4. november, kl. 18:00

Bakgrunnen er at det har blitt tatt fleire initiativ og sett i gang fleire arbeid som har dette som føremål dei siste åra. Det er i kommunen sin økonomiplan sett av kr. 700 000 til føremålet for 2014. Det er i ferd med å bli utarbeidd ein spelemiddelsøknad for prosjektet. I samband med søknaden er kommunen i ferd med å utarbeide ein prosjektplan for arbeidet. Denne skal handsamast i Bystyret den 3. desember. Som eit ledd i utarbeiding av prosjektplanen er det ynskjeleg å få så mange innspel som mogleg. Difor blir det invitert til ope møte der flest mogleg kan komme med innspel til arbeidet.

Agenda:

  • Informasjon om prosessen/arbeidet så langt.
  • Gjennomgang av utkast til prosjektplan.
  • Info om stimerkingsprosjektet (som mellom anna er ein del av utvikling av turstinettet i Brandsøyåsen)
  • Spørsmål, merknader, innspel.

Les prosjektplanen her!

Møtet er ope og alle med interesse for Brandsøyåsen kan delta.

Vel møtt!