Seglebåt med jente

Invitasjon til ope møte om bruk av Havglytt

Flora kommune inviterer til ope møte om korleis Havglytt kan bli eit aktivitetssenter for framtidas behov.

Tid og stad: Havglytt, 07. juni kl. 16:00 - 19:00.

Program finn du her.

Det er ei glede for Flora kommune å ønskje velkommen til dialogmøte om korleis vi i fellesskap kan finne gode løysingar og idear på bruken av t.d. Havglytt for å nå ut til endå fleire i framtida.

Bakgrunn

Flora kommune ynskjer å setje fokus på heilskapstenking for betre helse hjå seniorar. Pleie- og omsorgssektor i samarbeid med kultur og fritid (bibliotek, frivilligsentral, spaserstokken), kulturskule, folkehelse, eldreråd og helsesektor startar prosjektet LEV VEL – aktiv senior (2015 – 2020).  Målgruppa er heimebuande seniorar, institusjon, heimeteneste og dagavdelingar. Flora kommune vil leggje vekt på samarbeid tverrsektorielt og samarbeid med frivillig sektor.

I 2016 fekk Flora kommune midlar frå Helsedirektoratet, der man mellom anna skulle gjennomføre ei spørjeundersøking der alle personar over 70 år fekk høve til å svare på spørsmål om kultur og aktivitetstilbod for eldre i Flora kommune. 

Ein viktig tilbakemelding frå undersøkinga var at 35% av dei som svarte, IKKJE er aktive i det organiserte tilbodet i det heile tatt. 

Dette har vi i LEV VEL prosjektet lyst å gjere noko med, og vi har lyst å starte med eit dialogmøte om vårt eige Havglytt. Vi ønskjer at alle som vil bidra, bli inspirert eller har konkrete innspel kjem på dette møtet, difor er det viktig at denne invitasjonen, blir sendt vidare på t.d arbeidsplassen eller organisasjonen , at plakaten blir kopiert opp og synleg for medlemmar, pårørande, frivillige, politikarar og tilsette. 

Bli inspirert av Tone Bye og prosjektet om framtidas aktivitetssenter for eldre, for deretter å bidra med kva vi kan få til her i Flora. 

Velkommen.