Vilt-og fiskeforvaltning

Kommunen sine oppgåver i den lokale viltforvaltninga er heimla i viltlova og tilhøyrande forskrifter.

Viltet og viltet sitt leveområde skal forvaltast slik at naturen sin produktivitet og artsrikdom vert teken vare på.


Med vilt meiner ein alle viltlevende landpattedyr og fugler, amfibier og krypdyr. Kontaktinformasjon Skogmeisteren tlf 57756031.

Jakt
Kommunen handsamer og godkjenner søknader om vald og fellingsløyve for hjortevilt. Jakt- og fangsttider fremgår av eiga forskrift.

Jakttider hjort gjeldande 1.april 2012 - 31.mars 2017 for Sogn og Fjordane er 01.09 - 23.12

Flora kommune er ein av stor kommunane i landet når det gjeld jakt på hjort.Flora jeger og fiskeforening arrangerer obligatorisk jegerprøvekurs.

Ettersøksavtale finn du her.

Løyve til felling av skadedyr
Søknad om felling av viltarter som gjer skade av betydning på avling og fast eiendom skal sendast om, og handsamast av kommunen.I nokre tilfelle vert søknadane handsama av Fylkesmannen eller Direktoratet for Naturforvaltning. Retningslinjer for behandling fremgår av forskrifta.

Andre oppgaver
- Ivareta viltinteresser i arealsaker
- Arrangere jegerprøveeksamen
- Rapportere om fangst og bestandsforhold
- Informere og rettleie om viltforvaltning
- Handsame søknader om tilskot fra fylkesmannen til vilttiltak


Ettersøk av skada vilt
Kommunen samarbeider med Eikefjord ettersøksring om ettersøk av skada vilt og fallvilt. Ved for eksempel trafikkulykke med vilt skal politiet varslast, som igjen varslar nødvendig ettersøksekvipasje.

Her kan du lese meir om lovpålagt varsling ved bruk av kunstig lys ved ettersøk av hjort.

Vedlagt ligg Miljødirektoratet sitt notat.

Hundar
Reglar om bandtvang og hundehald framgår av hundelova.
Det er ikkje eigne reglar i Flora kommune om utvida bandtvang utover den generelle bandtvangen i tida 01. april - 20. august.

17. juli 2008