hamnebasseng langt

Jordbruk

Landbruksforvaltninga 
Hovudarbeidsområdet er oppgaver innen lovforvaltning, tilskotsforvaltning og næringsutvikling i tilknytning til landbruket. Kontakt: Jordbrukssjefen tlf 57 75 60 00.

Lovforvaltning
Lovforvaltninga er hovedsakelig knyttet til jordlova , konsesjonslova , odelslova og ei rekkje andre lover og forskrifter som skal styre og regulere landbruksproduksjonen.  For handsaming av konsesjonssøknader og delingssøknader etter jordlova § 12, skal det betalast eit gebyr.

Tilskotsforvaltning
Informasjon og forskrifter finn ein hos Statens landbruksforvaltning. 

Produksjonstilskot
Tilskot til husdyr, areal- og kulturlandskap m.m. Søknadsfrist 2 ganger i året 20.01. og 20.08.

Velferdsordningane
Dette er tilskudd til avløysning ved ferie og fritid, ved sjukdom m.v. og tidligpensjon til jordbrukarar.

Tilskot til økologisk landbruk
Føremålet er å stimulere til omlegging til- og oppretthalde økologiske driftsformer. Meir om økologisk landbruk er på heimesidene til DebioNorsøk og Økologisk landslag.

Tilskot til spesielle tiltak i landbruket sitt kulturlandskap
Det kan gjevast tilskot til tiltak for å:

  • Ta vare på og fremje biologisk mangfold i eller i tilknytning til jordbrukslandskapet.
  • Holde gamal kulturmark i inn- eller utmark i hevd
  • Fremje tilgang til , og opplevelseskvalitet
  • Ta vare på kulturminner og kulturmiljø i inn- og utmark
  • Sette i stand freda eller verneverdige bygningar som kan nyttast i landbruksdrift eller anna næring.
     

Næringsutvikling

Bygdeutviklingsmidlar (BU-midlene) vert forvalta av kommunen, Fylkesmannen og Statens Nærings- og Distriktsutviklingsfond. BU-midlar skal brukast til å fremme lønsam næringsutvikling på bygdene innan og i tilknytning til landbruket. Midlane kan dekke tiltak i:

  • Tradisjonell matproduksjon:
    Nybygg og utbetring av driftsbygningar både til husdyr og planteproduksjon
    Kjøp av tilleggsareal
    Investeringar i samband med generasjonsskifte for å stimulere rekruttering til næringa.
  • Nye næringar
    Omstillingstiltak til ny vare- og tjenesteproduksjon der det kan gis støtte til finansiering av både kompetanse (stipend, bedriftsutvikling) og investeringstiltak.
  • Etablereroppfølging tilknyttet BU-midlane
    Det kan gjevast 10 timers rettleiing i forkant av eventuell BU-søknad for å avklare forretningside og få oversikt i prosessen fra ide til realisering. Det kan gjevast inntil 10 timers rettleiing for etablerarar som er i gang, og som ønskjer gjennomgang av sitt prosjekt eller rettleiing innafor spesielle felt. 

Det kan gjevast tilskot til kurs og studieturar/fagturar som er relevante for utvikling av etablering.

Meir om regelverk finn ein på heimesida til Innovasjon Norge. Ta kontakt med: Jordbrukssjefen (tlf 577 56 000) eller SND-sogn og Fjordane (tlf. 578 25 750). for meir informasjon og søknadsskjema.