Båtar på hamna

Juleforestilling - Kulturskulen

Fredag 9. desember på Flora Samfunnshus
kl. 16.30 Kunstutstilling
kl. 17.30 Forestilling

julFredag 9. desember arrangerer kulturskulen juleforestilling på Flora Samfunnshus
kl 17:30. 

Dette vert ei god gammaldags juleforestilling.

Kl 16:30 opnar kunstutstillinga og 17:30 startar sjølve konserten

Kunstavdelinga under lærar Chester Laquian vil vise fram bilde i ulike teknikkar. Skulen er så vidt i gang med digitalisering som hjelpeverktøy i kunsten. Nokre av maleria er allereie framstilt gjennom slike spennande prosessar.

I konsertdelen vert det musikkbarnehage, barnekor, buekorps, kammerorkester, trekkspelgruppe, ulike samspelgrupper, dansegrupper, band og solistar med elevar og lærarar. Det vert eit variert program og vi får også høyre nokre innslag med Floraskulen brass band.

Pris vaksne kr 120,-
Barn/ungdom kr 20,-

Førehandssal på Tenestetorget, eller kjøp på nettet www.florasamfunnshus.no