Båtar på hamna
Bokomslag_operatøren

Kåseri om Knut Haugland på Flora folkebibliotek 17. november

HEMMELEG HELT. TUNGTVANNSAKSJONEN OG KON-TIKI 

  • Stad: Flora folkebibliotek
  • Måndag 17. november kl. 19.00


Ved forfattar Svein Sæter

To store bragder gjorde Norge verdskjent i etterkrigstida: Tungtvannsaksjonen og Kon-Tiki-ekspedisjonen. Knut Haugland var med på begge. - Han levde eit utruleg liv, men heldt seg i bakgrunnen, seier Svein Sæter. I biblioteket vil Sæter fortelje om boka han skreiv i samarbeid med Haugland.

Han vil også vise film, bilete, brev og dagboka Haugland skreiv om bord på Kon-Tiki. Boka "Operatøren" er også aktuell sidan det snart er det premiere på NRK-serien om tungtvannsaksjonen.

Knut Haugland var den siste gjenlevande av deltakarane på Kon-Tiki da han døydde i romjula 2009, 92 år gamal. Heldigvis rakk han å fortelje historia si i boka "Operatøren", skriven av forfattaren Svein Sæter.

- Knut hadde ei knallhard krigsteneste. Han var mellom dei fire som overvintra på Hardangervidda for å gjennomføre tungtvannsaksjonen. Det siste krigsåret vart han kjent med Thor Heyerdahl, og takka straks ja da han fekk tilbod om å segle over Stillehavet  på ei flåte i 1947.  Haugland var direktør på Kon-Tikomuseumet i 40 år og bygde også opp Norsk Hjemmefrontmuseum.