Båtar på hamna

Kart

Vi har som mål å gi alle enkel og kjapp tilgang til kvalitetssikra og oppdaterte kartdata via kartportalen til Flora kommune.

Her finner du kommunen sine kartdata, flybilde, temadata, plandata og planarkiv.
 
Kvalitetssikra og oppdaterte kartdata oppnår vi gjennom medlemskap i Geovekst, eigen matrikkelføring og kontrollrutinar.
 
Med kartdata som basis kan vi på forespørsel utføre oppdrag med produksjon av temakart og GIS-analyser.
Temakart / GIS-analyser er produkt kor fleire typar kartdata er samanstilt og presentert med eit bestemt føremål.
Døme:
·         reguleringsplanar i 3D lagt på flyfoto
·         hellingskart
·         tettsteder og trafikk mønster
·         tilgjengelegheit langs 100 meters beltet
·         reduksjon av fulldyrka mark grunna utbygging
·         nettverksanalyse
 
Vi utfører også oppdrag med å kvalitetssikre og konvertere digitale planar etter gjeldande nasjonal produktspesifikasjon og SOSI standard. 
Vi tilbyr sal av kart- og plandata.
Alle oppdrag fakturerast på times basis, gebyrregulativet pkt. 3.13.