Båtar på hamna

Kelme

Flora kommune har hatt Kelme i Litauen som venskapskommune frå 1. juli i 2001. Då underteikna ordføraren i Flora, Kolbjørn Dyrli, og ordføraren i Kelme, Kostas Arvasevicius, ein treårig samarbeidsavtale.

Denne første avtalen hadde fokus på lokaldemokrati, forvaltning og kulturarbeid. Ungdomsutveksling var óg eit fokus. Flora vidaregåande skule, Florø barneskule og Kulturskulen har delteke aktivt frå Flora kommune si side.

Lag og organisasjonar har óg vore aktivt med i samarbeidet med Kelme, og då særleg Florø Rotaryklubb. Det var desse som i si tid hadde dei første kontaktane med Kelme.

I 2006 vart det underteikna ein ny samarbeidsavtale. Denne avtalen har fokus på samarbeid innanfor demokratiutvikling/styring, helse, utdanning og reiseliv.

Ulike studiar og konferansar har vore organisert. Utveksling i høve kultur og utdanning har vore viktige element og ungdomsutveksling og samhandling mellom private organisasjonar har også vore gjennomført. Ikkje berre politikarar og representantar for administrasjonen har hatt nytte av dei erfaringane som har kome ut av samarbeidet. Ulike institusjonar og organisasjonar har vore viktige bidragsytarar. Dette gjeld Kelme District Lioliai Secondary School, Florø Barneskole, Flora vidaregåande skule, Kelme Art School og kulturskulen i Flora og ikkje minst samarbeidet mellom Rotaryklubbane i Kelme og Florø.