Ytteroyane

Har du ein sjelden sjukdom eller allergi?

Våren 2015 fekk alle innbyggarane i Sogn og Fjordane ein kjernejournal. Denne elektroniske tenesta samlar helseopplysningar som er spesielt viktig dersom du får behov for akutt hjelp og får behandling ein stad du ikkje har vore før. Har du alvorlege sjukdommar eller allergiar kan du snakke med fastlegen din og be han/ho om å legge dette inn i din kjernejournal.

1-2 prosent av alle innbyggarane i Noreg har ein sjukdom, tilstand eller allergi som gjer at akuttbehandling kan få alvorlege følgjer om legane ikkje får beskjed om dette før dei startar behandlinga. Slike opplysningar, som kan endre val av undersøkelse, behandling og oppfølging av deg på sjukehus, kallast for «kritisk informasjon» og ein viktig funksjon i kjernejournalen.

Snakk med legen din

Det er legen som må registrere kritisk informasjon om sine pasientar sine kjernejournalar. Registreringa vil som regel skje i samråd med deg når du har legetime eller får behandling. Difor vil ikkje kritisk informasjon ligge i kjernejournalen din før legen har registrert den. 

Eksempel på kritisk informasjon er:

  • Alvorlege allergiar eller overfølsomhetsreaksjonar  (for eksempel allergi mot penicillin eller tidlegare problem med narkose)
  • Implantater (for eksempel shunt i sentralnervesystemet eller pacemaker)
  • Viktige behandlingar du får (for eksempel dialyse eller cellegift)
  • Sjeldne, alvorlege tilstandar (for eksempel blødarsjukdom, binyrebarksvikt, immunsvikt eller stoffskiftesjukdommar)

Om du har desse eller andre alvorlege allergiar eller sjukdommar, kan du be legen din registrere dette i din kjernejournal neste gong du har time. Er du i vil kan du også snakke med legen din om dette. Det er utarbeidd ei oversikt (absoluttlista) over kva tilstander dette gjeld.