Ytteroyane

Klima

Jorda sett frå verdsrommet.Flora kommune har arbeidd aktivt med klimaproblematikk i dei siste 10 åra.

På slutten av nittitalet vart det gjennomført ei rekke prosjekt der klima var eitt av fokusa: Grønt reiseliv, Grøn handel, Sykkelby, Grøne familiar.

Dei siste åra har ein arbeidd mest med infrastrukturtiltak på energibruk og klimatilpasningsprosjekt.

Flora kommune deltek for tida i 2 klimaprosjekt:

EU-prosjektet Climatic, som er eit samarbeidsprosjekt med Skottland, Grønland, Sverige og Finland.

 

NorAdapt som er ei prosjekt i regi av Cicero/Østlandsforskning. Prosjektet går på lokal klimatilpasning og klimasårbarhet. Prosjektet skal videreutvikle en indikatorbasert modell for lokal klimasårbarhetsanalyse og prøve denne ut i eit antall kommunar. Dei lokale klimasårbarhetsanalysene skal så følges opp med forsøk i dei same kommunane på å utvikle lokale klimatilpassningsstrategiar. Met.no vil bistå med eigne lokale køyringar av klimaframskrivinger.

Nyttig informasjon: Framskriving av klima i Flora
Meir informasjon om klima: Miljøstatus i Norge

Klimaklubben.no er eit nettbasert tilbod til alle som ønsker å endre vaner i miljøvenleg retning. Nettstaden består av eit oppfølgingsprogram med tips og råd, og eit nettsamfunn der folk kan utveksle erfaringar og kommunisere med andre miljøinteresserte. Klikk deg inn på www.klimaklubben.no for meir informasjon.