Skulestart Florø barneskole

Kommunal vigsel - skal du gifte deg borgarleg?

Frå 01. januar 2018 kan du gifte deg borgarleg i Flora kommune.

Slik går du fram om du vil gifte deg borgarleg:

Prøvingsattest
Før de giftar dykk, må Skatteetaten sjekke om de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap. Det vil seie at de må sende inn ein del papir. Behandlingstida er to-tre veker, så ver ute i god tid før vigselen. De finn meir informasjon på Skatteetaten.no. Ved "bestilling" av vigsel kan de gjerne sende prøvingsattesten som vedlegg for raskare saksgang. Prøvingsattesten er gyldig i 4 månader.

Bestille tid for vigsel
For bestilling av tid for borgarleg vigsel nyttar du elektronisk skjema.

Stad for vigsel
Vigslene vil som hovudregel gå føre seg på samfunnshuset, så framt ikkje brudeparet ønskjer noko anna.
Reiseavstand og reisetid kan påverke vigslar sitt høve til å vere fleksibel, så ta gjerne kontakt med oss i god tid for avklaringar.

Pris
For vigslar som blir gjennomført på samfunnshuset og innanfor den ordinære arbeidstida, vert det ikkje krevd betaling.
Ønskjer de å leggje seremonien til eit tidspunkt eller ein stad som krev meir tid av den kommunale vigslaren, må de rekne med å dekkje tilleggskostnader sjølv.

Seremonien
I seremonien nyttar vi Det borgarlege vigslingsformularet, som er ein tekst som vigslaren les opp. Det finst oversettingar til engelsk på Bufdir sine nettsider.
Seremonien kan deretter bli tilpassa med til dømes tekst og musikk ut over dette.

Vigslarar
Ordførar, varaordførar, Terje Heggheim, Linda Nipen, Møyfrid Ellingsund og Knut Broberg har mynde til å vere vigslar ved borgarleg vigsel i Flora kommune.

Vigselsattest
Kommunen sender vigselsmelding til Folkeregisteret innan 3 dagar etter vigslen. Vigselsattest vil de motta frå Folkeregisteret. Kommunen kan utstede ein midlertidig vigselsattest dersom det er ønskeleg. 

Namneendring
Dersom du skal endre namn som resultat av vigselen, ordner du dette sjølv på Skatteetaten sine heimesider.

Bryllupsreise? Husk nytt pass dersom du har endra namn. Ta i så fall kontakt med politiet.
 

Bakgrunn

Flora bystyre vedtok lokale føringar for vigslar i bystyresak 098/17:

  1. Ordførar, varaordførar, Terje Heggheim, Linda Nipen, Møyfrid Ellingsund og Knut Broberg har mynde til å vere vigslar ved borgarleg vigsel i Flora kommune, jamfør ekteskapslova § 12 bokstav b
  2. Vi krev ikkje om at dei som ønskjer borgarleg vigsel i kommunen må vere folkeregistrert i Flora
  3. For at kommunen skal gjennomføre ein borgarleg vigsel skal det ligge føre ein gyldig prøvingsattest, jamfør ekteskapslova § 14, første ledd, jamfør § 10
  4. Kommunen vil nytte egna rom på Samfunnshuset til føremålet. Kommunen vil vere fleksibel om det er ønskje om å gjennomføre vigslinga andre stader i kommunen.
  5. Kommunen vil vere fleksibel med omsyn til ønskjer om seremonien, herunder val av vigslar
  6. Rådmannen vert beden om å lage eit rettleiingsdokument som vil vere med å sikre at formalitetane vert ivaretekne i samsvar med punkt 6 i utgreiinga
  7. Den som vigslar har ansvaret for å føre vigselsbok slik det går fram av forskrift om registrering og melding av vigsel § 1 første ledd bokstav e. Rådmannen har ansvaret for å forvalte vigselsboka
  8. For vigslar som blir gjennomført i samfunnshuset og innanfor den ordinære arbeidstida vert det ikkje krevd betaling. For andre opplegg skal vigslar avtale at kommunen sine faktiske meirkostnadar vert dekka.