Skulestart Florø barneskole

Kommunedelplan for oppvekstsektoren 2011-2020

Høyringsfristen gjekk ut 15. september 2011.

Kultur- og oppvekstutvalet (KUOP) fatta i sak 38/09 vedtak om oppstart av planprosess for kommunedelplan for oppvekstsektoren. Bakgrunnen for å starte planarbeidet var å få ein felles plan for oppvekstsektoren, integrere tenesta for Barn og unge og for å rullere desse planane:

·         Kommunedelplan for barnehage 2005 – 2015
·         Kommunedelplan for skular og barnehagar 2000 – 2010
 
Flora kommune skal vere ein attraktiv kommune for barnefamiliar å bu i og å flytte til. Kommunedelplan for oppvekstsektoren 2011-2020 har hovudfokus på innhaldet og kvaliteten på det kommunale tilbodet til barn og unge i kommunen.
 
Tilbodet i barnehagane og skulane skal vere av god kvalitet og i samsvar med nasjonale føringar i lover og forskrifter. Det er eit kommunalt ansvar at tenestene har ressursar som gjev alle barn eit likeverdig tilbod og ei forsvarleg opplæring, uavhengig av kva barnehage og skule dei går på. Ressursfordelingsmodellar som skal sikre dette også i eit langsiktig perspektiv, er viktige tema i planen.
 
Planen handlar om det kvalitetsmessige innhaldet i barnehage, skule, tenesta Barn og unge og kommunale kulturtilbod, mens barnehagestruktur og skulestruktur ikkje er ein del av planen. Dette var såleis eit val som blei gjort ved oppstart av planarbeidet, for å styrke fokuset på innhaldet og kvaliteten av tenestene.
 
Kultur og oppvekstutvalet handsama høyringsutkast til Kommunedelplan for oppvekstsektoren 2011-2020 i sak 27/11, og gjorde slikt vedtak i saka;
 
KUOP-027/11 Vedtak:
 
  1. Kultur- og oppvekstutvalet sender ut Kommunedelplanen for oppvekstsektoren 2011 – 2020 på høyring slik den ligg føre, jamfør Plan og bygningslova § 11 – 14 
  2. Frist for høyringsuttale blir sett til 15. september 2011 
  3. Kultur- og oppvekstutvalet ber rådmannen greie ut ei sak om framtidig skulestruktur for Flora kommune. Saka vert å legge fram for bystyret hausten 2011. 
  4. KUOP ønskjer å opprette ein eigen ungdomsplan for Flora kommune. KUOP ber administrasjonen greie ut vidare prosess for ein ungdomsplan i Flora kommune til neste møte i KUOP.  
Høyringsdokumentet ”Kommunedelplan for oppvekstsektoren 2011 – 2020” , vert no lagt ut til høyring med høyringsfrist 15. september 2011. Som støtte til høyringsprosessen kan følgjande spørsmål nyttast:
 
  1. Er målsettingane i planen og i kvart kapittel tilstrekkelege?
  2. Er det desse målsettingane vi ønskjer for planen og kapitla?
  3. Er tiltaka i samsvar med målsettinga?
  4. Er det andre tiltak som vil være med på å oppfylle måla?
  5. Er det noko som manglar som bør være med i dei ulike kapitla?
  6. Andre kommentarar?
Rådmannen legg opp til å gjennomføre informasjonsmøte tidleg i høyringsprosessen. Vi kjem nærare attende til datoar for dette. 

Lenkje:    Høyringsdokument "Kommunedelplan for oppvekstsektoren 2011 - 2020".
                  Presentasjon av Oppvekstplanen, ope møte 23.08.2011