Seglbåt med jente
Print

Kommunestyre- og fylkestingsval 2019

Måndag 09. september 2019 er det kommunestyre- og fylkestingsval.

Den nye kommune- og fylkesinndelinga trår i kraft 01.01.2020, og valet i 2019 skal gjennomførast som om grensejusteringa allereie er gjennomført. Dette gjeld alle kommunar og fylkeskommunar som er omfatta av samanslåingar, grensejusteringar og delingar.

Vågsøy og Flora kommunar skal måndag 09. september røyste for nytt kommunestyre i Kinn kommune. Til saman skal det veljast 39 representantar. Samstundes med val til kommunestyre skal det veljast 65 representantar til det nye fylkestinget i Vestland fylkeskommune.

Les meir om valet på heimesida til Valgdirektoratet.