Konsesjon ved erverv av fast eigedom

Kjøp av fast eigedom krev godkjenning frå det offentlige (konsesjon) dersom det ikkje er gjort unntak i lov eller forskrift.

Konsesjonslova sitt føremål
Lova har til føremål å regulere og kontrollere omsetning av fast eigedom for å oppnå eit effektivt vern om landbruket sitt produksjonsareal og slike eigar- og brukstilhøve som er mest gagnlige for samfunnet, bl.a. for å tilgodesjå:

  • jord-, hage- og skogbruksnæring (landbruksnæringa).
  • trong for utbyggingsgrunn.
  • allmenne naturverninteresser og friluftsinteresser.
  • ei samfunnsmessig forsvarlig prisutvikling på fast eigedom.
  • omsyn til busetting

 Les heile konsesjonslova her.

Unntak frå konsesjonsplikt
Det er gjort enkelte unntak frå konsesjonsplikta på grunn av:

 

  • eigedommen sin karakter
  • ein einskild bustadtomt eller tomt til fritidshus
  • eigedom med bygningar,  med areal ikkje over 100 dekar

 Ervervaren si stilling 

  • ved slektskap med tidligare eigar
  • ervervar med odelsrett til eigedommen Konsesjonslova §§ 5 og 6 og forskrifta §§ 1-1 –1-12 inneheld bestemmelsane om unntak frå konsesjonsplikt. For at landbrukseigedom skal vere konsesjonsfri, føreset at ervervaren oppfyller bu- og driveplikta.

 Eigenfråsegn om konsesjonsfritak ved overtaking av fast eigedom.
Kjøper skal gjere greie for at eigedomen er konsesjonsfri på eigenfråsegna.Den skal
følgje som vedlegg til skøyte ved tinglysing.

Enkelte opplysningar om eigedomen skal stadfestast av kommunen.  I de fleste tilfelle brukar ein  skjemaet Egenerklæring om konsesjonsfrihet ved erverv  av fast eigedom mv.

For nærmare opplysningar:
Sjå Forskrift om egenerklæring eller kontakt Informasjon og service tlf 57 75 60 00 eller jordbrukssjefen, eller oppmålingsavdelinga tlf 57 75 60 00 for nærmare opplysningar.


Søknad om konsesjon
Dersom det ikkje er gjeve unntak frå konsesjonsplikt i lov eller forskrift må det søkast konsesjon.

Søknad skal sendes kommunen innan 4 veker etter at avtalen er inngått.Det skal nyttes skjema fastsett av landbruksdepartementet. Før ein fyller ut søknaden bør ein undersøke om ervervet er konsesjonsfritt.
 

Søknaden skal gi opplysningar om: 

  • Kjøparen
  • Eigedommen
  • Kjøper sitt føremål og alle vilkår for ervervet
  • Skøyte, kjøpekontrakt og takst skal leggast ved
  • For firma må firmaattest leggast ved.

Om handsaminga
Forhold av betydning for om konsesjon skal gjevast går fram av lovens §§ 7 og 8. Konsesjon kan gjevast på vilkår som fremmar lova sitt føremål. Kommunen har vedtaksmynde  i ein del konsesjonssaker. I andre saker vert vedtak fatta av fylkesmann / fylkeslandbruksstyret.

For handsaming av konsesjonssøknader skal det betalast gebyr ut frå kjøpesummen jf. eigen forskrift.

Sakshandsamingstid
sakshandsamingstida varierer frå ca 2 veker for enkle saker kor kommunen har vedtaksmynde til fleire månader for landbrukseigedommar.

Fleire opplysningar om konsesjon
For fullstendige opplysningar sjå loven med forskrifter og rundskriv på
landbruksdepartementets heimeside

7. juni 2011