Skulestart Florø barneskole

Kor lite skal du finne deg i?

Politiet sin nye informasjonskampanje for å førebygge vald i nære relasjonar «Hvor lite skal du finne deg i?» skal gi auka kunnskap om kva politiet kan hjelpe med, slik at valdsutsette kan søkje hjelp og kome ut av den valdelige situasjonen.

Satsinga er ein del av Justisdepartementets handlingsplan «Et liv utan vold (2014-2017)». Mange grove kriminelle handlingar får ikkje politiet kjennskap til. Berre om lag 25 prosent av kvinner som blir utsett for vald melder dette til politiet, i følgje tal frå Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress (NKVTS).

Det er ein grunnleggande menneskjerett å leve eit liv utan vald eller frykt for vald. Difor er det ei viktig oppgåve for politiet å redusere omfanget av vald og truslar.

Startar med forelsking

Kampanjekonseptet «Hvor lite skal du finne deg i?» handlar om å tenke over ting på ein ny måte. Dei fleste relasjonar startar med forelsking og kjærleik – difor er evna og viljen til å bortforklare og tilgi hos mange valdsutsette heilt naturlig, men også ein stor utfordring. Spørsmålet er ikkje kor mykje du skal finne deg i, men kor lite.

- Mange finn seg i alt for mykje. Vi veit at det kan vere vanskeleg å kome seg ut av eit valdeleg forhold, og valden sluttar ikkje utan hjelp utanfrå. At politiet blir kopla inn kan hindre nye hendingar, seier prosjektleiar Raymond Thorsen, politioverbetjent ved Seksjon for seksuallovbrudd i Kripos.

Eit samfunnsansvar

Vald i nære relasjonar er ikkje ein privatsak, men eit samfunnsansvar og eit prioritert kriminalitetsområde. Politiet ønskjer med denne kampanjen å bygge ned barrierar mellom publikum og myndigheiter, og styrke samarbeidet med andre aktørar, slik at fleire valdsutsette tar kontakt og får hjelp når det trengs.

Kampanjen er utarbeidd av Kripos og kommunikasjonsbyrået Dinamo på vegne av politiet, og vil bestå av ei eiga nettside (hvorlite.no), ein sjekkliste for faresignaler, plakatar, film og annonsering. Kampanjen vendar seg til fleire målgrupper, deriblant unge par, par med barn og vitne som kjennar til at nokon er utsett for vald. Informasjonen på nettsida blir oversett til fleire språk.

Sjå kampanjenettsida www.hvorlite.no.