Seglebåt med jente

Kulturprisane 2017

Levekårsutvalet i Flora kommune deler ut kulturpris, mangfaldpris og ungdommens kulturpris på 17. mai. Prisane vert kvart år utdelt til verdige kandidatar nominert av deg!

Send inn grunngjevne kandidatar innan 02. mai 2017, til kultursjef Roald Leivestad på e-post postmottak@flora.kommune.no, eller per post til Flora kommune, Markegata 51, 6905 Florø.

Prisane kan bli utdelt til einskildpersonar, organisasjonar eller grupper.

Kulturpris

Lang og tru teneste og/eller spesielt stor innsats på eitt eller fleire kulturområde er viktige kriterium for tildeling. 

Mangfaldpris

Spesielt stor innsats i arbeidet med å fremje samkvem og forståing mellom folk frå ulike kulturar står sentralt.

Ungdommens kulturpris

Prisen går til nokon som har lagt ned stor innsats for å styrke ungdomskulturen, eller har utvikla seg sjølv til eit høgt nivå innan eit kulturområde eller har gjort ein stor innsats for andre ungdommar.

Tidlegare mottakarar av prisane kan du sjå her!