Skulestart

Kulturprisane 2018 - nominer kandidatar til prisane!

Kvart år heidrar Flora kommune einskildpersonar, lag eller organisasjonar som har utmerka seg innan kulturarbeid i året som gjekk. No kan du komme med innspel på kven som fortener heideren!

Vi tildelar prisar innan tre kategoriar; kulturpris, mangfaldpris og ungdommens kulturpris.

Send inn grunngjevne kandidatar innan 02. mai 2018, til kultursjef Margit Drivenes Kløvfjell på e-post postmottak@flora.kommune.no, eller per post til Flora kommune, Markegata 51, 6905 Florø.

Kulturpris

Lang og tru teneste og/eller spesielt stor innsats på eitt eller fleire kulturområde er viktige kriterium for tildeling. 

Mangfaldpris

Spesielt stor innsats i arbeidet med å fremje samkvem og forståing mellom folk frå ulike kulturar står sentralt.

Ungdommens kulturpris

Prisen går til nokon som har lagt ned stor innsats for å styrke ungdomskulturen, eller har utvikla seg sjølv til eit høgt nivå innan eit kulturområde eller har gjort ein stor innsats for andre ungdommar.

Tidlegare mottakarar av prisane kan du sjå her!