Båtar på hamna

Kunngjering av plansaker

Privat deguleringsplan Klubbeneset industri, Havreneset, GBnr 27/505, 506, 91, Planid: 20130112

Privat detaljreguleringsplan  Klubbeneset industri, Havreneset, GBnr 27/505, 506, 91, Planid: 20130112, er godkjent av Flora bystyre 02.12.2014 med heimel i PBL § 12-12. Planframlegget og føresegner er sist datert 26.09.2014.

Hovudformålet med planarbeidet er tilrettelegging for lettare industri/lager på område som i dag er regulert til byggeområde for naust/småbåthamn og del av område regulert til kombinert friluftsområde/byggeområde og å legge til rette for småbåthamn på anna del av området.

Plandokument:


Den godkjende reguleringsplanen er tilgjengeleg for gjennomsyn i papirformat på Informasjon og service,(Tenestetorget), Samfunnshuset, frå 15.12.2014.

Eventuell klage skal stilast til Fylkesmannen og sendast til Flora kommune, Plan og Samfunn, Markegata 51, 6900 FLORØ, innan 12.01.2015. Evt. krav om erstatning eller innløysing etter Plan- og bygningslova §§ 15-2 og 15-3 må vere framsett seinast 3 - tre - år etter denne kunngjeringa


REGULERINGSPLAN TIL OFFENTLEG ETTERSYN 

Privat deltaljreguleringsplan – Motorsport på Grov. PLANID: 20110119 

Plan og miljøutvalet har i sak 048/14 godkjent at framlegg til privat deltaljreguleringsplan – Motorsport på Grov. PLANID: 20110119  vert utlagt til offentleg ettersyn etter Plan- og bygningslova.

Det er utarbeidd framlegg til privat detaljreguleringsplan for Motorsport på Grov, del av gbnr. 83/3 og 83/5. Området som primært er tiltenkt motorsport ligg mellom sjøen og riksvegen nordvest for regulert skytebane på Grov. Planavgrensinga er noko større enn det som ein antek skal nyttast til motorsport, men som utgangspunkt kan det vere fornuftig å sjå på samspelet mellom aktivitetane i området. Den nye traseen for kraftleidninga Fardal-Ørskog har mast for fjordkryssinga lengst vest i området. 

Plandokument:


Planframlegget er tilgjengeleg for offentleg gjennomsyn på Informasjon- og Service (Tenestetorget), Samfunnshuset, i tidsrommet 15.12.2014 til 02.02015. 

Eventuelle merknader/innspel skal sendast til Flora kommune, Plan og Samfunn, Markegata 51, 6900 FLORØ, eller til postmottak@flora.kommune.no, innan 02.02.2015.