Seglbåt med jente

Kunngjering av planvedtak for Haukå gbnr. 15/1 mfl, næring/akvakultur - planid 20190104

Klagefrist 10.01.2020

Flora Bystyre vedtok i møte 12.12.2019 sak 082/19 Privat detaljreguleringsplan for Haukå gbnr 15/1 mfl, næring/akvakultur - planid 20190104, med planomtale og ROSanalyse og plankart datert 12.08.2019 og føresegner sist datert 28.10.2019.

Hovudformålet med planarbeid er tilrettelegging for bygging av RAS-anlegg «Recirculating Aquaculture Systems», eit smoltanlegg (laks) der vatn i anlegget i stor grad vert resirkulert.

Bystyret fatta følgjande vedtak:

Flora Bystyre vedtek framlegg til Privat detaljreguleringsplan for Haukå gbnr 15/1 mfl, næring/akvakultur - planid 20190104, med planomtale og ROSanalyse og plankart datert 12.08.2019 og føresegner sist datert 28.10.2019, med følgjande tillegg i føresegnene:

  • Nytt punkt i føresegnene punkt 5.1: «Handsaming av masser skal gå fram av søknad om igangsettingsløyve. Dersom tiltaket har masseoverskot må disponering av massane være avklart og gjeve løyve til før søknad om igangsettingsløyve.»

Link til dokumenta i saka

Saksutgreiing PDF document ODT document
Planomtale
Plankart
Føresegner
Rapport etter kulturminneregistrering
Rådgivande biologer

Vedtaket kan påklagast av ein part eller ein annan med rettsleg klageinteresse i saka, jfr §28 i forvaltningslova. Klagen må sendast til Flora kommune einast tre veker etter at vedtaket er mottatt, eller klagar på anna måte er blitt gjort kjend med innhaldet. Klagen kan sendast  til postmottak@flora.kommune.no merka med planid 20190104 eller til Flora kommune, Markegata 51, 6905 Florø.

Planvedtaket blir kunngjort i Firdaposten 20.12.2019. Fristen for å klage på vedtaket er etter forvaltingslova § 29 sett til 10.01.2020. (tre veker frå den dagen vedtaket er kunngjort i avisa).