Seglbåt med jente

Kunngjering av planvedtek for Florelandet Nord, næring, planid 20110106

Klagefrist 20.12.2020

Flora Bystyre vedtok i møte 12.12.2019 i saknr 084/19 endring av Områdereguleringsplan Florelandet Nord, næring, planid 201101.

Planendringa legg til rette for at allereie oppført bru skal fungere som fellesveg for både private køyretøy i ein framtidig tilkomst til Rota og nyttekøyretøy som går mellom austre (I5 og I6) og vestre industriareal (I1), med nye avkøyrsler til desse areala frå den felles køyrevegen. Vidare er rekkjefølgjeføresegnene endra, slik at ferdigstilling av tilkomstvegen til Rota er knytt til bruksløyve for bygg på Rota.

Bystyret fatta følgjande vedtak:

  1. Med heimel i Plan- og bygningslova § 12-14 godkjenner Flora Bystyre endring av Områdereguleringsplan Florelandet Nord, næring, planid 20110106, med planomtale og ROSanalyse, plankart og føresegner sist datert 04.09.2019.
  2. Rådmannen får i oppdrag å utforme og inngå ei ny avtale med Fjord Base AS med utgangspunkt i dei endra føresetnadane i planen, og Fjord Base As sitt framlegg til hovudinnhald i ny avtale. Den eksisterande utbyggingsavtalen «Florelandet Nord – Offentlig vegutløysing Vest», datert 10.07.2015 med seinare tillegg må då oppdaterast ihht nye vilkår.

Link til dokumenta i saka finn de nedanfor.

Saksutgreiing
Planomtale
Plankart
Føresegner
Oppsummering merknader

Vedtaket kan påklagast av ein part eller ein annan med rettsleg klageinteresse i saka, jfr §28 i forvaltningslova. Klagen må sendast til Flora kommune einast tre veker etter at vedtaket er mottatt, eller klagar på anna måte er blitt gjort kjend med innhaldet. Klagen kan sendast til Flora kommune til postmottak@flora.kommune.no  merka med planiid: 20110106 eller til Flora kommune, Markegata 51, 6905 Florø.

Planvedtaket blir kunngjort i Firdaposten 20.12.2019. Fristen for å klage på vedtaket er etter forvaltingslova § 29 sett til 10.01.2020. (tre veker frå den dagen vedtaket er kunngjort i avisa).