Ytteroyane

Kunngjering av utbyggingsavtale, vegutløysing Florelandet Nord

Det er framforhandla utbyggingsavtale mellom Flora kommune og Fjord Base AS for Florelandet Nord – offentleg vegutløysing vest iht. Områdereguleringsplan for Florelandet Nord, for gbnr 26/33 m.fl.

Bakgrunnen for utbyggingsavtalen er vedtak av områdereguleringsplan Florelandet Nord i Flora kommune med kart og føresegner, vedtatt av bystyret den 28. januar 2014, og Prosjektplan Florelandet Nord - offentleg vegutløysing. 

Områda som utbyggingsavtalen femnar om er gbnr. 26/33, 26/561, 26/591, 26/601, 26/603 og 27/58. Utbyggar skal i høve utviklinga av eigedomane også syte for offentleg infrastruktur.

Etter ferdigstilling skal infrastrukturen skøytast over vederlagsfritt  til det offentlege.

Utbyggingsavtalen er heimla i bystyrets  prinsippvedtak om bruk av utbyggingsavtaler i kommunen, bystyresak 091/09, vedtatt 06.10.09.

Utbyggingsavtalen leggast ut til offentleg ettersyn iht. plan- og bygningsloven § 17-4, 2. ledd. Etter offentleg ettersyn skal utbyggingsavtalen handsamast i Plan- og Miljøutvalet,  med endeleg vedtak i Bystyret.

Avtalen finn du lenger nede i artikkelen og i papirformat hjå Informasjon og service.

Merknadar skal sendast til Flora kommune, Markegata 51, 6900 Florø eller postmottak@flora.kommune.no. Du kan også nytte elektronisk skjema for høyringsuttale, merk innspel med arkivsaknr.14/2143.

Frist for å komme med merknadar er 25.august 2014.

Vedlegg