Ytteroyane
Elevar ved Eikefjord skule

Kunnskapsrike 8. klassingar i Eikefjord

Elevar i 8. klasse til distriktsfinale

Ole Daniel, Kristoffer og Håvard reiste 22. september til Viksdalen for å delta i distriktsfinalen i kunnskapstevlinga "Kven vert Noregsmester?". Det gjekk særs bra og dei kom heim att med ein delt første plass. Denne tevlinga starta i 7. klasse og då var det Idun, Håvard og Ole Daniel som var med. Idun var vekkreist når finalen skulle gå av stabelen, men med ein super vara i Kristoffer ordna alt seg til det beste. Vi gratulerer elevane med flott innsats!