Båtar på hamna

Kurs i søknadsskriving for frivillige lag og foreiningar v/Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane

I haust startar Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane opp att sine populære kurs i søknadsskriving. Tilbodet er gratis, og kurset på ca 3 timar skal gjere deltakarane betre rusta til å søkje om midlar frå både Sparebankstiftinga og dei mange andre stiftingane og støtteordningane her i landet. Kurset er utvikla spesielt med tanke på frivillige lag og foreiningar, men er òg relevant for mange andre som vil hente ekstern støtte.Haustens første kurs blir måndag 25. august kl. 1800-2100 i Storehagen Atrium i Førde (1. etg) med fylkeskommunen v/Atle Skrede som vertskap. Påmelding til post@sparebankstiftinga.no (ingen frist, men atterhald om ledig plass – førstemann til mølla).

 

Ønskjer du eit søknadskurs der du bur? Kontakt oss på post@sparebankstiftinga.no – alt du treng er eit lokale med plass til ca 20 menneske (eller meir), så stiller Sparebankstiftinga med foredragshaldar, kursmateriell og møtemat. Vi ber berre om at kurset også vert tilgjengeleg for andre interesserte i området (så langt det er plass). NB kurset krevjer (minst) to vekers varsel, så om de ønskjer kurs før neste søknadsfrist 1. september må dette avtalast innan 18. august! (men tilbodet gjeld heile året)

 

Hjelper søknadskurset? I 2013 spurte vi våre ca 600 kursdeltakarar om dette; 54% svarte at kurset var «veldig bra», medan 21% gav kurset toppkarakter. 51% svarte dessutan at kurset hadde ført til meir støttemidlar inn til laget/verksemda – også frå andre tilskotsgivarar enn Sparebankstiftinga.