Båtar på hamna

Kvalifiseringsprogrammet

Kvalifiseringsprogrammet er for deg som ynskjer å kome i arbeid, men treng ekstra oppfylging for å klare det.

Kvalifiseringsprogrammet er eit tilbod om oppfølging og arbeidstrening. Målet med programmet er at du skal få den oppfølginga du treng for å kome i arbeid eller aktivitet.

Programmet er på fulltid og skal innehalde

  • arbeidsretta aktivitetar 
  • opplæringsaktivitetar 
  • tett individuell oppfylging og rettleiing

Programmet kan også innehalde andre aktivitetar som støttar opp under og førebur deg på overgangen til arbeidslivet. Det kan også setjast av tid til nødvendig helsehjelp. Du har sjølv ansvar for å fylgje opp programmet ditt i samarbeid med rettleiaren din på NAV-kontoret. For å ha rett til kvalifiseringsprogram må NAV vurdere behova dine og om programmet vil føre til at du lettare kan kome i arbeid.

Du må

  • vere i yrkesaktiv alder og ha vesentleg nedsett arbeids- og inntektsevne 
  • ha behov for tett oppfylging 
  • ha ingen eller svært avgrensa ytingar frå NAV 
  • ha gjennomgått ei arbeidsevnevurdering 
  • ha lovleg opphald og fast bustad i Noreg

For meir informasjon les om kvalifiseringsprogrammet på NAV sine sider, eller ta kontakt med NAV Flora.