Ytteroyane
Logo Kystvegen

Kystvegen kjem!

Kystvegen Ålesund - Bergen kan bli ein realitet denne 10 års perioden

Store ambisjonar i Nordhordland og på Sunnmøre. Litt mindre ambisiøse, men serdeles viktige tiltak under planlegging i Sogn og Fjordane. Kystvegen Ålesund – Bergen kan bli ein realitet i denne 10 års perioden!
På søre Sunnmøre er det etablert to selskap som har til føremål å knyte saman kommunane frå Sogn og Fjordane grense til Ålesund: Rovdefjordbru AS og HAFAST AS (Hareid Fastlandssamband). Næringslivet har gått tungt inn i begge desse selskapa med eit klart mål å etablere ferjefrie samband, korte inn avstandar og lage store bu og arbeidsområde. Med disse tiltaka blir Kystvegen ferjefri frå Ålesund til Måløy. Sunnmørskommunane vil justere traseen for E39 slik at riksvegen skal gå over Eiksundsambandet og Hareid. Då vil HAFAST bli eit samband som tener både Kystvegen og E39. Kystvegen Ålesund – Bergen støttar dette inititativet.

Kommunar og næringsliv i Nordhordland har etablert selskapet Sambandet Vest AS med sikte på å etablere eit tverrsamband frå Mongstad til Øygarden. Dette vil korte inn avstandar, redusere trafikken gjennom Bergen sentrum og bli ein naturleg lekk i Kystvegen Ålesund – Bergen. Norhordlandspakken til 3,6 mrd omfattar mellom anna Nyborgtunnellen som vil korte inn E39 og Kystvegen frå Bergen sentrum til Nordhordland.

I Sogn og Fjordane er Bremanger II og Dalsfjordbrua under bygging. Det er utført grundige utgreiingar for ”45 min regionen” som vil korte inn avstanden frå Florø og Førde til Svelgen og Måløy. Askvoll, Fjaler, Flora og Naustdal har starta arbeidet for å planlegge samband over Førdefjorden. Når Dalsfjordbrua står ferdig i 2013 kan ein kjøre frå ytre Sogn og frå ytre Nordfjord til kvar si side av Førdefjorden, men ein kjem ikkje over. Ei ”fase 1” - løysing med eit ferjesamband over fjorden kan realiserast for ein rimeleg kostnad. Ferjefri kryssing skal plaleggjast.
Kystvegen Ålesund – Bergen bed om at ferjfri kryssing av Sognefjorden via Solund vert utgreidd. På same måten som for HAFAST vil ei slik løysing tene både Kystvegen og E39 samstundes som den vil gi fastlandssamband for Solund.

Næringsutvikling
Internt samband er ein føresetnad for vekst i kystregionen. Kystvegen vil knyte saman sentrale deler av Sogn og Fjordane med dei sterke industriklyngene på søre Sunnmøre og i Nordhordland og skape ein ny vekstregion på Vestlandet slik kyststamvegen har skapt vekst mellom Bergen og Stavanger.

Spleiselag
Kommunar og næringsliv er innstilt på å medverke med brukarfinansiering der det er realistisk. Rentefrie lån, eller rentekompensasjon i samband med brukarfinansiering vil vere eit optimalt verkemiddel som gjer at brukarane betalar for betre samband og staten bidreg med billeg kapital.

Kystvegen kan realiserast no!
Første steget av Bremanger fastlandsamband, var ferdigstilt i 2002. 11 år seinare kjem ”fullføring av Bremangersambandet”. Dalsfjordsambandet har stått på vent sidan 1974. Det er på høg tid at ein no gjennomfører dei tiltak som skal til for å få samband langs kysten. Dette er siste hovedsambandet som manglar i denne regionen. Det kan realiserast i denne 10 års perioden!

www.kystvegen.com

Styret i Kystvegen Ålesund Bergen februar 2011
Bente Frøyen, Steindal Flora Kommune
Jan Helgøy , Vanylven Kommune
Nils Marton Adland, Meland Kommune/Nordhordland Regionråd
Lars Hellandsjø, Mongstad
Ronny Blomvik. Sula Kommune
Arve Helle, Fjaler Kommune

Kontaktar:
Bente Frøyen Steindal (styreleiar)
Flora kommune tlf. 57756000, 41530110
Bente.fs@flora.kommune.no

Arve Helle
Fjaler kommune tlf. 57738000, 91737562
Arve.helle@fjaler.kommune.no

Ordførar Jan Helgøy
Vanylven kommune tlf. 70030000, 95780302
jan.helgoy@vanylven.kommune.no

Ordførar Ronny Blomvik
Sula kommune tlf. 70199100, 48061004
ronny.blomvik@sula.kommune.no

Lars Hellandsjø
Næringslivs repr tlf. 917 42 950
lars@terne.no

Nils Marton Aadland
Nordhordland Regionråd tlf. 561710259. 2271050
Nils.marton.aadland@meland.kommune.no

Eivind Hjellum
Kystvegen (sekr)tlf. 577561900, 415 30 160
Eivind.hjellum@flora.kommune.no