hamnebasseng langt

Lag og organisasjonar

I Flora finn du eit breitt utval av lag og organisasjonar som du kan melde deg inn i, nesten uansett kva du interesserer deg for.

Adresselista til lag/organisasjonar er ikkje alltid 100 prosent oppdatert, og er du med i eit lag som ikkje er med på lista, eller der opplysningane er feil; meld straks frå til Informasjon og service så rettar vi opp.

Om du vil drive med idrett, synge i kor, delta i speidaren, vere med i hjelpekorpset, delta på dugnad i grenda di, spele eit instrument, drive med 4H-arbeid, gå i søndagsskulen, dyrke fugleinteressa di osv, så vil du her finne eit lag og dermed ein flokk med menneske du kan dele interessa di med.

Vi har oversyn over rundt 200 lag og organisasjonar som du kan bli med i. Klikk på det området du er interessert i, og du vil få opp ei liste med namn på lag, kontaktperson, telefon og adresse. På nokre finn du òg e-postadresse.

Lag og organisasjonar kan søkje om støtte til drift, prosjekt og arrangement. Sjå Tilskotsordningar