Ytteroyane

Ledig 60% vikariatstilling som Helsesøster i tenesta Barn og unge, avd Helsestasjon

Flora_kommune_logo_lite.gif Søknadsfrist 01.01.2018


Tenesta Barn og Unge er ei samorganisering av Helsestasjon og Barnevern. Målet er å styrke det tverrfaglege samarbeidet, arbeide førebyggande og utnytte kompetanse og økonomi på ein best mogeleg måte. Tenesta har i dag ca. 27 årsverk, og har for tida ledig 60 % vikariatstilling som helsesøster frå og med snarast mogeleg – 30.11.18.

Til stillinga ligg ligg helsestasjonsarbeid og skulehelseteneste. Det vert det stilt krav om  helsesøsterutdanning, evt. sjukepleiar som ynskjer  å ta helsesøsterutdanning.
Vi ynskjer oss ein positiv og serviceinnstilt person som kan trivast i ein travel, men interessant kvardag. Vi vektlegg personlege eigenskaper som fleksibilitet, sjølvstendighet og gode samarbeidsevne. Den som vert tilsett må disponere eigen bil.
Aktuelle søkarar vert kalla inn til intervju.

Søknadsfrist 01.01.18

For nærmare opplysningar kan ein kontakte avdelingsleiar Kari Liseth tlf 57 75 80 30/ 97 58 87 44, eller Tenesteleiar Gry H Ommedal tlf 57 75 68 00/ 41 53 01 58

Elektronisk søknadsskjema