Skulestart Florø barneskole

Ledig stilling: 2 fastlegestillingar - Sunnfjord Medisinske Senter

Kommunen har ledig to fastlegestillingar frå januar 2017.

I kommunen er etablert Sunnfjord Medisinske Senter med stort primærlegekontor,  augelegar og fysikalsk medisinar. Elles rommar senteret helsestasjon, fysioterapi, ergoterapi, bedriftshelseteneste, apotek, optikar og NAV kontor. Frå 2015 også spesialisthelsetenester med hudpoliklinikk, røntgen, psykiatrisk poliklinikk og medisinsk poliklinikk.Sjå heimeside: www.sms-senteret.no.

Primærlegedelen har 13 fastlegar og turnuslege. Ca. 10-delt vaktordning med pliktig deltaking. Velutstyrt og godt etablert praksis. CGM- Allmenn (winmed 3) EDB system. Elektronisk kommunikasjon med sjukehus og kommunale omsorgs- og rehabiliteringstenester. 

Andre stillingar er besett og kommunen har dei siste åra hatt stabilitet i primærlegekorpset. Gode kollegiale samarbeidstilhøve. Strukturert internt opplæringsprogram og høve til rettleiing og vidareutdanning til spesialist i allmennmedisin og samfunnsmedisin.

Kommunen og Legegruppa SMS AS vil legge til rette for tilsetjingsforhold etter søkjar sine ynskjer, slik at både ordinært innkjøp i praksisen, leigeavtale og mogelegheit for fastlønn eventuelt med bonusordningar er mogeleg.

Som del av fastlegeavtalen må ein også pårekne inntil 7,5 timar kommunalt arbeid (sjukeheimslege/helsestasjon /skulehelseteneste/anna) per veke etter nærare avtale. 

Nærare opplysningar hjå kommuneoverlege Jan Helge Dale tlf. 57758000/90728004 eller e-post: jan.helge.dale@flora.kommune.no. Sjå og vår heimeside på www.legegruppa-sms.no.

Elektronisk søknadsskjema. Søknadsfrist 15.12.16.