Båtar på hamna

Ledig stilling: Avdelingsleiar, Furuhaugane omsorgssenter

Furuhaugane omsorgssenter skal frå no ha ein avdelingsleiar og to gruppeleiarar. Som avdelingsleiar vil du få høve til å være med å skape ein institusjon det er godt å bu i, og triveleg å jobbe.

Furuhaugane omsorgssenter har 44 årsverk og gjev tilbod om vurderingsopphald, rehabiliteringsopphald, avlasting og langtidspleie. Avdelinga har óg ansvar for KAD-plasser for somatikk, rus og psykiatri. Som avdelingsleiar blir du del av vårt dyktige leiarteam som fokuserer på utvikling, kompetanse og systematisk etisk refleksjon. Pleie- og omsorgssjef blir din næraste leiar og du vil jobbe i leiarteam med 11 andre kollegaer. I tillegg har omsorgstenesta ein felles stab med gode støttefunksjonar.

Arbeidsoppgåver
Som avdelingsleiar har du ansvar for å utvikle eit kreativt og kunnskapsbasert arbeidsmiljø. Du er leiar og hovudansvarleg for god omdømmebygging. Du i samråd medarbeidarar har ansvar for at kvaliteten på tenesta som skal utøvast til brukarane er gode og samsvarar med dei mål Flora kommune har satt. 

Vi ynskjer deg som:

"ser" dine medarbeidarar og får kvar einskild til å føle seg verdsatt
er strukturert og tydeleg
er ein god rollemodell og inspirerer andre til å bidra
likar endring og er god på å leie og inkludere dei tilsette
deg som er fleksibel, kreativ, nytenkjande og løysingsorientert
likar å ha ansvar, tek  ansvar og ansvarleggjer tilsette
tenkjer store, kloke og inspirerande tankar om framtida, og evnar å kommunisere fram bodskapen på ein truverdig måte
 

Kompetanse

  • Minimim 3-årig høgskule innan helse og omsorg
  • Du bør ha vidareutdanning i leiing
  • Du må ha god datakompetanse, og kunne bruke våre fagsystem som er CosDoc, MinVakt og WebSak

Økonomiansvar
Avdelingsleiar skal ilag med fagleiar for økonomi utarbeide årsbudsjett for avdelinga og er ansvarleg for ei drift i balanse. Månadsrapportering til Pleie og omsorgssjef.

Vi tilbyr
Svært varierte arbeidsdagar der du i stor grad styrer eigen arbeidsdag.
Godt fagleg miljø med bl.a. internundervisning. Vi legg til rette for meir leiarutdanning / kompetanseutvikling og systematisk etisk refleksjon for leiarar. Ynskjer du meir utfyllande informasjon om stillinga kan du ta kontakt med pleie og omsorgssjef Ragnhild Holm på tlf. 99 02 87 39.

God pensjonsordning i KLP og gode lønsvilkår.

Elektronisk søknadsskjema. Søknadsfrist er 06.08. 2018.