Seglbåt med jente

Ledig stilling: Avdelingsleiar i bu- og miljøtenesta

Ein av avdelingsleiarane våre skal over i anna stilling , og vi treng ny leiar i Jakob Sandeveg 5 / 7 frå snarast. Flora kommune er ein heimetenestekommune. Du blir ein del av vårt leiarteam som har fokus på utvikling, kompetanse og systematisk etisk refleksjon. Pleie og omsorgssjef blir din overordna leiar og du vil jobbe i eit leiarteam saman med 11 kollegaer. Du er leiar og  hovudansvarleg for god omdømmebygging av avdelinga di, og har ansvar for at kvaliteten på tenester som skal utøvast til brukerane er gode og samsvarar med dei mål Flora kommune og omsorgstenesta har satt. 

Vi ynskjer deg som har lyst til å vere leiar! Og vi vil ha deg som:
  • "ser" dine medarbeidarar og får kvar einskild til å føle seg verdsatt.
  • er strukturert og tydeleg.
  • er ein god rollemodell og inspirerer andre til å bidra.
  • likar endring og er god på å leie og inkludere dei tilsette.
  • er fleksibel, kreativ og løysingsorientert.
  • liker å ha ansvar, tek  ansvar og ansvarliggjer tilsette.

Kompetanse

Minimim 3 årig relevant høgskuleutdanning. Du bør ha vidareutdanning innan leiing, og kompetanse på endringsleiing er ynskjeleg. Du må ha god datakompetanse, og kunne tileigne deg bruk av våre fagsystem som er CosDoc, WebSak og MinVakt.

Økonomiansvar

Avdelingsleiar skal i lag med fagleiar for økonomi utarbeide årsbudsjett for avdelinga og er ansvarleg for ei drift i balanse. Månadsrapportering til pleie og omsorgssjef.

Vi tilbyr

Svært varierte arbeidsdagar der du i stor grad styrer eigen arbeidsdag. Godt fagleg miljø med bl.a. internundervisning. Vi legg til rette for meir leiarutdanning / kompetanseutvikling og systematisk etisk refleksjon for leiarar.

Ved tilsetting må du fremlegge politiattest. God pensjonsordning i KLP og konkurransedyktige lønsvilkår.

Elektronisk søknadsskjema. Søknadsfrist er 12.10.2018.