Seglbåt med jente

Ledig stilling: Brannkonstablar (deltid) ved understasjon Eikefjord

Flora brannvesen har ledige stillingar som deltids brannkonstablar ved understasjon i Eikefjord.

Søkjar til stillinga bør være mellom 20 og 30 år. Det er ein fordel med fagbrev innan eit praktisk yrke, men dette er ikkje påkreva. Søkjar må være villig til å ta dei kurs som brannsjefen pålegg. Med omsyn til utrykkingstid er det en fordel om du bur og jobbar i sentrum av Eikefjord. Det er ein fordel om du har sertifikat for tunge køyretøy.

Ved tilsetting vil det bli forlanga helseattest som ikkje er eldre enn 12 mnd.
Det vil bli stilt krav til bestått fysisk test for røykdykkar ved tilsetting.

Stillinga følgjer eige lønnsregulativ. Forøvrig gjeld vanlege kommunale tilsettingsvilkår som framgår av lover, reglement og gjeldande tariffavtale.

Spørsmål kan rettast til brannsjef Magne Igland på 57 75 60 34 / 95 81 54 42 eller varabrannsjef Eivind Ask på 57 75 60 35 / 41 54 14 71.

Elektronisk søknadsskjema

Søknadssfrist: 31.10.2013