Ytteroyane

Ledig stilling: Dagleg leiar for nyoppretta bustadkontor

Stad: Florø
Søknadsfrist: 01.12.2016
Varigheit: Fast stilling i 100% 
Tilsetjing: April 2017

Vi søkjer etter ein tydeleg, strategisk og handlingsorientert leiar som evner å leie, motivere og samhandle med kommunen si øvrige leiing, samarbeidspartnarar, medarbeidarar og målgruppene for bustadkontoret sine tenester. Det vil være ein fordel om du har kjennskap til det bustadsosiale fagfeltet og bustadforvaltning.

Dine hovudansvarsområder:

  • Totalansvar for strategisk og operativ leiing av bustadkontoret (fag, personal og økonomi)
  • Sørge for god utnytting av kommunen si bustadmasse
  • Sørge for samkøyrt bustadpolitikk mellom dei ulike tenestene
  • Strategisk planlegging og arbeid knytt til bustadbehov i samarbeid med Flora bygg og eigedom (FBE), og private huseigarar
  • Sikrar full utnytting av Husbanken sine verkemidlar
  • Kontraktsinngåing knytt til bustader
  • Samarbeide med andre avdelingar i kommunen om tildeling av bustader 
  • Råd og rettleiing i bustadspørsmål

Dine kvalifikasjonar:

  • Høgskule eller tilsvarande
  • Annan relevant utdanning kan vurderast
  • Kompetanse og/eller erfaring i leiing
  • Kompetanse og /eller erfaring i bustadforvaltning
  • Interesse og god kjennskap til bustadsosialt arbeid
  • Interesse og erfaring i korleis det er å jobbe i ein politikarstyrt organisasjon
  • Interesse og erfaring i å jobbe tverrfagleg

 

Dine personlege eigenskapar:

  • Evne å sjå heilskap
  • Gode leiareigenskapar
  • Være fleksibel i den daglege arbeidssituasjon
  • Være god i å nytte og samarbeide med interne og eksterne samarbeidspartnarar
  • Evne å samarbeide godt med mange partar med forskjellege behov og forventningar
  • Evne å bygge og vidareutvikle eit tverrfagleg team

Vi tilbyr:

  • Godt og positivt arbeidsmiljø
  • Muligheter for personleg og fagleg utvikling
  • Løn etter avtale
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Tilsetjing skjer i samsvar med gjeldande lover, reglement og tariffavtalar

Kjenner du deg att i dette – då blir vi svært glade for å høyre frå deg!


Vi ønskjer at du gjev opp minimum 2 referansar. Søknad sendast elektronisk på denne lenkja. Treng du hjelp til å fylle ut søknadsskjema kan du kontakte Informasjon og service for kundestøtte.

Spørsmål om stillinga rettast til informasjonsleiar Møyfrid Ellingsund, tlf. 41534934, moyfrid.ellingsund@flora.kommune.no.

Om oss:

Flora kommune deltek i Husbanken sitt kommuneprogram – bustadsosialt velferdsprogram, 2013-2018. Kommuneprogrammet er ein nasjonal strategi med mål om at alle skal bu trygt og godt.  Målet er å samle og målrette den offentlege innsatsen ovafor vanskelegstilte på bustadmarknaden.  I samband med dette arbeidet er det beslutta å opprette eit bustadkontor som skal sikre at strategi og innsatsområder blir iverksett, implementert, og vidareutvikla i Flora kommune. Bustadkontoret ligg under stab Informasjon og service, med stabsleiar som næraste overordna.