Båtar på hamna

Ledig stilling: Driftsteknikar - Flora bygg og eigedom

Flora kommune har 37 formålsbygg som tenesta Flora bygg og eigedom har forvalting, drift og vedlikehaldsansvar for. Samla bygningsareal utgjer om lag 60 000 m2. I tillegg opptrer vi som grunneigar på vegne av Flora kommune.

FBE har behov for nye medarbeidarar til drift og vedlikehald av vår bygningsmasse. Driftsteknikar får ansvar for drift og vedlikehald av fleire bygg i vår portefølje, men  vil og inngå som  ein ressurs i teamet vårt av driftsteknikkarar.
 
Arbeidsoppgåver:
  • dagleg ansvar for bygg
  • styre SD anlegg
  • utføre og bestille godkjente vedlikehaldsoppdrag
  • utføre/koordinere internkontrollarbeid
  • leie innleidd personell
Kvalifikasjonar:
  • teknisk fagskule
  • fagbrev innan for relevante byggfag, tømrar - rør
  • gode datakunnskapar
  • førarkort klasse B
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne - skriftspråk er nynorsk
  • lang erfaring og relevant kompetanse kan vege opp for manglande fagleg kompetanse 
Tilsettingsvilkår:
  • tilsettings- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
  • politiattest av nyare dato må leggast fram ved tilsetting
Vi søker etter personar som har  gode samarbeidsevner og finn utfordringar i å arbeide i lag med engasjerte kollegaer og krevjande brukarar. Håpar dette ser interessant ut, og ser fram til å høyre frå deg.
 
Søknadsfrist 10.10.2018. Elektronisk søknadsskjema.
 
Kontaktpersonar
Vidar Andersen, avdelingsleiar, tlf. 46620366, vidar.andersen@flora.kommune.no.
Vidar Vårdal, tenesteleiar, mobil. 95754051, vidar.vaardal@flora.kommune.no.